Hopp til innhold

Forside

Følg ditt område



Nyhetsboksen

Få oversikt over nyhetsbildet

Jonas-drapet:

Ein fjerde person er pågripen

Ein 32-åring er pågripen for Jonas-drapet. Han er sikta for drap eller medvirking til drap. Han er den fjerde pågripne i saka.

Politiets hovudteori er at mannen har stått for planlegginga av drapet, ifølgje NRKs kjelder.

Mannen skal ikkje ha vore ein nær venn av Jonas. Dei var jevnaldra, budde i same område og hadde fleire felles bekjente, får NRK opplyst.

Tidlegare er tre menn på 28, 30 og 32 år pågripne i same saka. Desse nektar straffskuld.

Jonas Aarseth Henriksen (30) blei funnen død i Nes i Ådal 17. august.

Les meir om saka her:

Ny måling:

Kraftig fall i popularitet

Erna Solberg har hatt et solid forsprang på Jonas Gahr Støre når folk blir spurt om hvem som er best skikket til å være statsminister. Nå har ledelsen forduftet.

Hver måned spør Norstat på vegne av NRK følgende spørsmål til 1000 velgere:

Hvem mener du er best skikket til å være statsminister i Norge?

I siste måling svarer 40 prosent Erna Solberg. Måneden før var tallet 48 prosent.

Det har stormet rundt Høyre-lederen den siste måneden.

Les siste nytt om ektemannens aksjekjøp og Solbergs habilitet her.

Sverige:

Kvinne (25) døydde i eksplosjon

September er den dødelegaste månaden i Sverige på sju år, med elleve drap så langt.

Ei kvinne døydde etter ein eksplosjon i Uppsala torsdag morgon. To personar blei drepne i to skytingar natt til onsdag.

Kvinna skal ikkje ha hatt noko tilknyting til kriminelle gjengar. Eit medlem av Foxtrotnettverket er derimot registrert i eit av nabohusa, skriv SVT. Hendinga blir etterforska som drap og grovt skadeverk.

Onsdag kveld blei ein kjend rappar i slutten av tenåra skoten og drepen i Stockholm. Politiet leitar etter ein gjerningsperson.

Same kveld blei to personar skotne sør for Stockholm. Den eine er bekrefta død. Tre personar er pågripne.

Les meir om gjengvalden i Sverige her:

Dobbeltdrap i Kristiansand

Mor og dotter (8) funne døde

Onsdag blei ei mor og dotter (8) funne døde i Kristiansand. Politiet etterforskar saka som eit dobbeltdrap.

Politiet meiner at drapa i Vågsbygd i Kristiansand har skjedd mellom tysdag kveld og fram til onsdag føremiddag.

Ein person er sikta for drap og etterlyst internasjonalt.

Politiinspektør Cecilie Pedersen seier at politiet jobbar ut frå fleire hypotesar, og at dei ikkje utelukkar at det kan vera fleire gjerningspersonar.

Onsdag kveld gjorde politiet undersøkingar i populært turområde.

Les meir om saka her:

Gjengvalden i Sverige

To eksplosjonar på eit døgn

Både eksplosjonen i Linköping og i Stockholm kan koblast til det kriminelle Foxtrot-nettverket som vert styrt frå Tyrkia, ifølge svenske medium.

Måndag vart politiet varsla om ein eksplosjon i ein bygård i Hässelby strand vest i Stockholm. Tre personar vart frakta til sjukehuset med skader.

Tidleg tysdags morgon vart også ein blokk i Linköping, to timar sørvest for Stockholm, ramma av ein eksplosjon.

Det er foreløpig ikkje meldt om skadde.

Sverige har den siste tida vore ramma av en valdsbølge. Berre i september er ni personar skotne og drepne i Stockholm og Uppsala. Det har ført til at politiet har heva beredskapen i området.

Les om gjengvalden i Sverige her:

Kamper i Kosovo

Fire personer drept

Minst fire personer ble drept i kamper mellom væpnede serbere og politi i Kosovo søndag.

Rundt 30 angripere stormet en landsby nord i Kosovo.

Da de ble omringet av kosovarsk politi, forskanset de seg i et kloster.

I sammenstøtet ble en politiman og tre personer fra den væpnede gruppen skutt og drept.

19:30 søndag ble det meldt at kampene var over. Flere av mennene er arrestert, og andre skal ha rømt over grensen til Serbia.

(kilde: NTB)

Les mer om hendelsen her:

Videoer fra NRK